Verdas teitaste jente
Derfor kjenner meg ikkje lenger teit når eg hoppar opp og ned på eit treningssenter; eg kjenner meg sprek og smart. Når eg snakkar med søte og kjekke gutar/menn kjenner eg meg ikkje teit, men morosam. Og viss eg ikkje kjenner meg morosam, er det fordi dei er så teite at dei ikkje skjønnar at eg er det. Eg kjenner meg ikkje lenger teit når eg trynar på bussen, når eg snakkar høgast i lokalet når det er pause i musikken, når eg bommar på munnen når eg skal drikke (ja, det skjer ganske ofte. Ein kan ikkje alltid huske å putte glaset eller koppen inn til munnen før ein heller) eller når eg kjem med ein knakande dårleg idè på jobb.
Men det er ein ting som får meg til å kjenne meg teit, som fyller meg av teitheit og gjer at heile meg framstår som, ja, teit. Bil.
Eg har ein blå bil. Han har fire hjul og brukar blyfri bensin. Og det er igrunnen alt eg treng å vite. Eg er ikkje interessert i alt det andre. Derfor må eg ringje far min når noko i bilen begynner å ule og blinke, eg ringjer ein kompis når eg ikkje greier å jekke ned jekken når eg har prøvd å skifte dekk sjølv, eg ringjer ein annan kompis når eg ikkje får opp panseret og ein tredje når far min har forklart meg at grunnen til at det ular og blinkar er at eg må peile olje. Og eg kjenner meg jævlig teit kvar gong. Og skrur heller opp vifta og andakta på P1 når eg kjører til jobb, for å unngå å høre den merkelege duren i bilen.
Men i går fekk eg beskjed om å dra på Biltema for å kjøpe eit oljefilter. Eg hadde funne nokon som kunne skifte det, men eg måtte kjøpe det sjølv. Det begynte bra. Eg kjørte i retning Biltema. Så begynte eg å kjøre rundt og rundt. Og til slutt måtte eg ringje ein kompis.
- Hei, kor er Biltema?
Det viste seg at eg var like ved. Så gjekk eg inn i butikken. Eg kika på noko stæsj ved inngangen, mest for ikkje å virke teit. Så surra eg rundt og rundt, fordi eg ikkje anar korleis eit oljefilter ser ut. Til slutt spurte eg ei jente om kor eg kunne finne oljefilter. Ho viste meg ein fyr som visstnok var rå på oljefilter.
- Hei, eg skal ha eit oljefilter.
- Kva slags bil har du?
- Ein Golf. Førebels full kontroll.
- Kva slags årsmodell?
- 94
- Kva slags motor?
- ...ehh... Eg anar ikkje.
Oljefilterfyren såg på ein annan mann som stod der. Dei smilte til kvarandre. Eg kjente at eg raudna. Eg syntest dei veksla blikk på ein rar måte. Plutseleg mista eg all sjølvironi, sjølvtillit og dumskap/klokskap. Eg begynte å vingle med blikket, fomle med bilnøklane og mobiltelefonen - og kjente meg som ein svømmeudyktig 10-åring i palmebadedrakt igjen.
Butikkfyren spurte om eg kunne gå ut og hente vognkortet. Eg nikka og gjekk ut. Og eg vurderte seriøst å stikke av. Å kaste meg i bilen, kjøre heim, drite i heile oljefilteret, glømme oljefiltermannen og få tilbake verdigheita. Tenk, der stod eg, 27 år, på utsida av ein Biltemabutikk, ved sida av bilen eg eig, og kjente meg så teit at eg ville stikke av frå butikken.
Men eg heva hovudet, gjekk inn att, viste fram vognkortet, fekk oljefilteret, betalte og gjekk ut. Eg trur alle Biltema-mennene flirte og kviskra og såg på meg då eg gjekk ut.
På oljefilterjenta. Verdas teitaste jente. Meg.

